I si tid bygt for å losa elevane trygt over Fitjarvegen/Rv545 til Sagvåg skule. «Nyeskulen» under Rukjen har alt vore i drift i 18 år, «gamleskulen» er for lengst riven – medan gangbrua står fast. Og det skal ho framleis gjera, får Stordront stadfest hjå selskapet Skulen AS som eig området.
Gamle skuletomten er regulert til bustadføremål og gangbrua er i planane regulert inn som del av trygg gangveg over hovudvegen til friområdet i Einarsdalen, nedom den maritime barnehagen. Før pandemien råka, var skuletomten så godt som klar for reising av ei husværeblokk, men som så mykje anna denne perioden vart planar endra. Tomten er framleis for sal.
(Red. mrk.: Denne saka er frå 31. januar 2024)