SI, med undertittel «Spania i dag», er namnet på ei norsk avis med nedslagsfelt på Costa Blanca. Avisa informerer om slikt som er av interesse for den store kontigenten av nordmenn og andre kjekke skandinavar i området sør for Valencia. I siste utgåva er det stoff å kjenna att frå heimslege lokalavisoppslag. Som at Afaz del Pi no har i gang aksjon mot hundeskit på offentlege stader og at det i nabokommunen Orihuela Costa blir aksjonert mot ulovleg etablerte bosplassar i naturen. Altså der – som her…
Nokre fyndord å ta med seg inn i helga:
- Alt som er gamalt, er ikkje godt – og alt som er nytt er ikkje nyttig
- Den ventar ikkje forgjeves som ventar på noko godt
- For mykje av det gode – kan vera direkte herleg
- Det skal vera ille – for det blir betre
- Det gode tek alltid slutt for fort
Så nokre ord på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan
- Nusla = nutla, arbeida so smått
- Nussa = snus, lukta, lura etter eitkvart
- Nyfiken = forviten
- Næm = lette å fengja, ta seg , smitta
- Næme = gløgg, lett for å skjøna