Har sikten på det meste frå Saghaugen

Kan vera verd å merkja seg at greinstrekken rekk mest over heile vegbanen. (Foto: Steinar Hystad)

Så stor fantasi skal ikkje til for å sjå  kva for levande trollfigur som bur i stortreet ved hovudvegen over Saghaugen.  Ei gasta furu har med hjelp frå spenstig eføy forma hovudet, med kraftig nase og stødig «hestehale». Frå fast plass på toppen av Saghaugen har gubben sikten på det meste som rører seg  i nærområdet og nedover mot sentrum i bykommunen.