Full gass med jazzfest på hotellet

Siri’s Svale Band går på scenen fredag.

Komande helg inviterer jazzklubben til Stord Jazzfest på Stord Hotel. Då er det duka for ikkje mindre enn tre konsertar på Stord Hotell. Først ut fredag er Siri’s Svale Band medan Air Play og Marius Neset Quintet entrar scenen laurdag.

Siri’s Svale Band tel 5 medlemmer som alle er profesjonelle musikarar. Bandet vart etablert for 35 år sidan og hadde sitt gjennombrot på Molde Jazz i 1989. Sidan har dei turnert både Noreg og Europa og gitt ut tre CD’ar. Bandet går på scenen klokka 20:00 fredag.

Air Play kick-startar laurdagen….

Fair Play var ein kvintett som spelte saman frå 1982-1992. I dei åra med Trond Kopperud på trommer. Etter at han gjekk bort bestemte dei andre medlemmene seg for å samla dei musikalske trådane og spela saman igjen utan trommer i besetninga, med namnet Air Play. Bandet går på scenen klokka 18:00 laurdag.

 Marius Neset er ein musikar som femnar svært breitt med musikken sin. Han har skrive ikkje mindre enn 3 orkesterverk for London Sinfonietta. Musikarkarriera hans strekk seg over 20 år. Då han var berre rundt 20 år, turnerte han rundt heile verda med JazzKamikaze – dei spelte i USA, Asia og Nord-Afrika.  Til kvintetten som kjem til Stord, har han handplukka musikarane ut frå at dei skal vara kreative og spennande, men også ha tekniske og rytmiske evner som matchar komposisjonane hans. Konserten startar klokka 21:00.

For meir info, klikk deg innom Stord Jazzklubb sine heimesider.

…som vert runda av med Marius Neset og hans kvintett.