Småbåtkaiane innfor Moloen i Leirvik har årlege besøk av ein større flokk ærfuglar som, om dei ikkje akkurat gjer reint bord, så gjer dei flytebryggene godt reine for blåskjel. Eit ekstra pluss er det at desse fuglane er utstyrte med kraftige magar med kraftsyre som gjer at dei sluker skjela og «går på do» der dei er i sjøen.
Medlemer av Huglo Båtlag kunne godt tenkt seg besøk av ærfuglflokkar i hamna si bak moloen på Nordhuglo. Der gir også flytebryggene gode oppvekstvilkår for blåskjel i mengder, noko måkar i trengsle har bite seg merke i. I ytre del av moloen har måkane hatt festmåltid etter festmåltid på ferske blåskjel, og «kvittert» med eit hav av kvit-skit og knuste skjel på betongdekket. Lite kjekt å sjå – eller gå – på.
Ein laurdag denne månaden vart brygger og skrog reinska for blåskjel, med kraftige isskraper som godt eigna reiskap. No er det langt færre molomåkar og kvite «visittkort» å sjå.