Ordføraren må slå klubba 36 gonger i bordet, når Stord formannskap i morgon skal ta avgjera i søknader om alkoholsal. 21 gjeld fornying av salsløyve for øl over disk, medan 15 gjeld søknader framhald av skjenkeløyve for øl og vi og det som sterkare er ut valperioden. Frå administrasjonen er kvar søknad utgreidd som ei politisk sak.
No er det nok nokre færre søknader som skal til behandling i Fitjar når det gjeld fornying av alkoholløyve, likevel vel dei nord på øya å gjera det noko enklare i saksgangen enn kollegane i sør. Når spørsmålet kjem til endeleg behandling i kommunestyret – er det med slik tilråding frå administrasjon og Utval for oppvekst og omsorg:
«Fitjar kommune vedtek å vidareføra alle gjeldande skjenkeløyve for sal og skjenking av alkoholhaldig drikk fram til 30.09.2028.»
Altså nok med eitt klubbeslag.