Inspirert av samtaleserien «Då rocken kom til Sunnhordland» fann Per Øystein Kannelønning, Odd Tollaksvik, Endre Olsen og Roald Kaldestad ut at dette var såpass kjekt at dei måtte spela meir, og no er dei klare for å fylle Arena med god dansemusikk frå 50-70-talet.
– Me ryddar plass på golvet, så her blir det nett som i Samhald, Turnhallen eller Samfunnshuset i dansens glansdagar, melder arrangøren.