Oppsitjar langs Hamnegata ber kommunen setja i gang tiltak som kan stogga «råkøyringa» som er blitt eit problem på strekket frå gjestehamna til avkøyrsla til Moloen.
– I dette området blir det drive med støyande akselerasjon til alle tider av døgeret. Bråket er plagsamt og farten gjev eit usikkert trafikkbilete. Hamnegata er kommunal og er skilta med 40 km/t som høgste lovlege fart.
– Sender med dette ønske om å gjera Hamnegata tryggare for fotgjengarar – og eit forslag om opphøga gangfelt på strekningen, skriv oppsitjaren i e-posten til kommunen.