Tidlegare HMT-leiar vert ny personal- og organisasjonssjef

(Foto: Privat)

1. januar tiltrer Jon Eirik Kvalnes frå Stord stillinga som personal- og organisasjonssjef i Stord kommune.

Av: Haldis Lauksund, Stord kommune

Jon Eirik Kvalnes er ein etablert stordabu med litt variert bakgrunn og utdanning.

– For 20 år sidan starta eg på utdanninga som sjukepleiar, og har seinare vidareutdanna meg innan HMT og ulike leiarfag. Nett no deltek eg saman med fleire kommunale leiarar på studiet arbeids- og organisasjonspsykologi i regi av Folkeuniversitetet og Universitetet i Bergen, der eksamen skal vera i desember. Gjennom arbeidslivet har eg vore innom ulike sjukehus- og sjukeheimsavdelingar, bedriftshelseteneste, medic i Nordsjøen, HMT-leiar i Stord og siste året mitt i Stord var eg driftsleiar for eigedom, seier Kvalnes.

Kvalnes er i dag personal- og organisasjonssjef i Fitjar kommune, men gledar seg til å koma attende til Stord.

– Fitjar har fått ein plass i livet mitt, og eg kjem til å sakna det gode humøret og dei flotte folka der. Grunnen til at eg søkte stillinga på Stord er å koma nærare heimstaden min, og eg har alltid vore ein person som ikkje kvier meg for å ta dei sjansane som kjem min veg. Når anledninga til å koma attende til Stord kommune kom, kunne eg ikkje la den gå frå meg. Gjennom mange år som HMT-leiar i Stord, har eg blitt godt kjend med organisasjonen både på godt og vondt. Det gler eg meg til å fortsetja med i åra som kjem, seier den nytilsette leiaren.

42 åringen er klar for å ta fatt på nye utfordringar.

– Som personal- og organisasjonssjef i Stord ser eg fram til alle dei gode møta med dyktige tilsette, leiarar og ikkje minst verneomboda og dei tillitsvalte. Alle er kjend med at me vil møta utfordringar i vegen mot ein stabil økonomi, og då ser eg på stab- og støttefunksjonane som viktige sparringspartnarar. Eg trur det blir fleire tøffe prioriteringar i tida som kjem, og då er det viktig å legge til rette for at tilsette likevel har eit trygt og godt arbeidsmiljø, avsluttar Kvalnes.