Eit raudt glas vart ståande åleine att i på rasteplassbordet i gjestehamna, og me fekk brått ein ny målestasjon for nedbør. Rusar me glashøgda til å liggja mellom 120 og 150 millimeter og glaset er fullt, så gjev det ein god peikepinne på kva våtver-periode me er inne i. Det er bortimot skummelt å tenkja på at tolv femten centimeter med regn på kort tid har lagt seg over alt. Ikkje rart det surklar både her og både der.