«Eple og pære vekse på tre, og når di blir modne så dette di ne’», lyddest songen i barndomen. Strofa er særs aktuell i desse dagar, når mengder av raud-gul-grøne eple og lysebrune pærer mognast i mengder. Mange av dei har alt falle til jorda jord, og blitt liggjande. Det er når me i klassen for eldre junior ser nedfallet, det kjem fram minne frå yngre mørke haustkveldar då me «hjelpte» til med forsiktig hausting av fullasta frukttre rundt i nabolaget. Tiltaket hadde gjerne tilnamnet «epleslang». Er det over og ut no?
Ha ei god frukthelg!
Fyndord er greitt å fundera på. Her er fem om medgang og motgang:
- Det gode skal ein hogga i fjell, det vonde skal ein skriva i snø (Noreg)
- Alle måtar er gode, unntatt dei dårlege (Finland)
- Alt godt er anten forbode, umoralsk eller feitande (Danmark)
- Den skal ha sterke bein, som skal bera sterke dagar (Skandinavisk)
- Ingen skugge utan lys
Så fem frå lista over ord på veg ut v Stordamålet alt for fem tiår sidan
- Nader = kvar nader, kvar smitt og smule
- Nasebragd = nasevis, stikka seg fram
- Nerk = kraft, styrke
- Nit = sting t.d.i ryggen
- Nov = hjørna på eit hus, eller bergnakke som stikk fram.