Dette svara stordabuen om transportbehovet framover

Stordabuen køyrer gjerne kollektivt – men då må rutene vera godt tilpassa både jobb og fritid. (Ill.foto: Steinar Hystad)

I mai i år  spurde Stord kommune innbyggjarane om kva transportbehov ein såg føre seg framover.  Her er samandraget av dei 363 svara som kom inn:

Størst andel av svara kom frå folk som er busett i Sagvåg (30 % av innbyggjarane), dernest frå Haga/ Rommetveit, medan lågast andel var frå Huglo (1%). I overkant av halvparten var kvinner, og heile 43% var under 20 år. Elles er det jamn fordeling i alder mellom 20 og 70+. Det er færre eldre enn yngre som har svar på undersøkinga. Bil er det transportmiddelet som flest nyttar i vår kommune, men det er også et stort antall som både går og køyrer buss.  

Det er eit generelt ynskje om å nytte kollektivtransport meir til sosiale treff, jobb, skule og servicerelaterte aktivitetar. I fylgje svara er det mest utfordrande å nytta kollektivtransport til Leirvik sentrum, Heiane, Sagvåg og nabokommunar. Det er størst etterspurnad etter hyppigare transporttenester om ettermiddagane.

Fleire syner til andre byar som har bussar som går kvart 15.min, og at dette er så ofte at kollektiv blir eit reelt alternativ til bil. Utryggleik knytt til tilbodet, og om ein rekk det ein skal blir av fleire løfta fram som årsaker til at ein ikkje vel kollektiv-tilbod. Terskelen blir for høg.

Hovudårsakene til at dei fleste ikkje nyttar offentleg transport på fast basis er fordi  tilbodet ikkje passar behova, det er for høg pris, totalpakken blir for tungvindt, samt at tilbodet ikkje er godt nok tilrettelagt for ulike behov blant innbyggjarane.

Vi spør kva som skal til for at folk vil bruke kollektivtransport meir, og dei svarar relativt samstemte: «hyppigare avgangar», «nye ruter», «prisgunstig» og «fleire busstopp».

Omlag halvparten seier at omsyn til miljøet er viktig med tanke på val av  transportmiddel. Folk vil kjenne seg trygg, og ynskjer fleire og vedlikehaldne gang- og sykkelvegar for å velje å gå og sykle meir.

Det blir på dei to siste spørsmåla opna opp for sjølvskrivne meiningar, idear for eit betre transporttilbod. Her kom det inn 246 grundige svar som har gjeve god innsikt i befolkninga sine meiningar. Av dei føreslegne løysingane som innbyggjarane peiker på er at skulebussen må bringe elevane til skulen slik at dei rekk timen og hente dei rett etter skuleslutt. I undersøkinga kjem det fram at elever må gå før skulen er slutt for å rekke bussen, andre fortel at dei enten kjem for seint til timen eller halvannan time for tidleg. Folk ynskjer hyppigare busser i tillegg til nye ruter. Det er føreslege at det burde gå ein slags minibuss (elektrisk) tettare på der folk bur, i byggjefelt. For mange er det vanskeleg å ta bussen til sentrum for å handle, for så å ta bussen heim att med tunge varer- og så i tillegg måtte gå 15 min heim frå nærast busstopp. Nokre meiner at ei bestillingsteneste som «Hent meg», «Handlebussen» , «Lyft»  kunne vore ei løysing i byggjefelta/ der det er langt til næraste busstopp. Dette er i tillegg eit tilbod som kan tilpassast den enkelte sine behov lettare og at kommunen slik har eit universelt tilpassa transporttilbod. Andre forslag som «Shuttlebuss» mellom Leirvik- Heiane, mellom Sagvåg-Heiane, i tillegg er det ynskje om at store arbeidsplassar får busstopp. Det er ynskje om  korresponderande transporttenester mellom skule start/slutt, mellom buss-ferjeavgangar, fly-, båt-. I dag kan det i utgangspunktet vere tenkt å korrespondere, men det er ikkje medrekna forseinkingar av ulike årsaker.

For mange er buss det einaste alternativet, og når det eine alternativet blir for vanskeleg av ulike årsaker kan dette føre til isolering som i eit folkehelseperspektiv er bekymringsfullt. For nokre personar med utfordringar som redusert funksjonsevne eller psykiske vanskar kan faste sjåførar bidra til auka tryggleik. Dette er særskilt aktuelt på transport til dagtilbod og liknande. Buss kan opplevast for usikkert på fleire måtar til å nyttast som hovudtransportmiddel i kvardagen, både knytt til ver-situasjonen (ikkje tak på alle busstopp), folk opplev at bussen ikkje held rutetidene og køyrer før tida, eller kjem veldig seint.

Når det gjeld gratis parkering i sentrum er det også ytra ynskje frå pensjonistar at dette ikkje blir teken i frå dei. I tillegg seier folk at om dei skal sykle og gå meir må det vere trygt. Fortau og veger må vere godt vedlikehalde og universelt utforma uansett årstid, vakre omgjevnader og nye gang- og sykkelvegar. Til dømes er det ynskje om fleire gangvegar i Litlabø-Sagvåg-Leirvik-området då det kjennes utrygt å ferdast her for både born og vaksne, det er også ynskje om strandpromenade på Vikjo som eit forslag for ein svært attraktiv gang- og sykkelveg gjennom sentrumskjerna.