Vil ha meir lokalt hjortekjøt ut i marknaden

Det er alt felt ein mange hjortar i årets jakt. (Foto: Steinar Hystad)

Det smell og hjortar fell rundt i skogane i denne årstida, og mange kunne tekt seg kjøt frå viltet til middags. Men det er det ikkje like lett å få fat i, noko Stiftinga Norsk  Hjortesenter ønskjer å endra på. I skriv til kommunane i fylket vårt, blir forvaltarane av hjorteviltet oppmoda til å tipsa jegerar og grunneigarar om at det er fullt mogleg å selja overskotskjøtet til hjortekjøtaktørar. I Sunnhordland er det ein slik aktør:  Tveit Gardsmat v/Kjell Vidar Øgland i Ølen.

Hjortesenteret ved dagleg leiar Jon Anders Stavang skriv mellom anna:

«Hjort er ein viktig viltressurs i Vestland og om lag halvparten av all hjort som vert felt i Noreg verte skote i fylket. Det gjer at mange grunneigarar sit med eit stort overskot av kjøt. Noko vert selt på den svarte marknaden, eller vert liggjande som årgangskjøt i fryseboksen. Det er unødvendig.»