Ny interessant soge-rusling

Ruslarane fekk høyra soga om folk og hendingar på Kvednastølen (Foto: Privat)

Ny vellukka rusletur, melder Stord Sogelag.  Kledde etter vervarselet, møtte  rundt 30 ruslarar på parkeringplassen ved Vadvegen og blei med på runden til Kvednastølen. For mange var dette ein heilt ny og ukjend stad, med tilhøyrande soger om folk og hendingar.

Bjørn Arve Lunde var hovudforteljar, godt supplert av verten, Øystein Kyvik og turleiar Gunnar Strand. Returen gjekk om det velstelte tuner til Svein Olav Vatna på Haugland.

Dette var fjerde (og siste) rusleturen i sogelagsregi 2024.  Dei tre første gjekk til høvesvis,  Øvre Økland/Vatna, Langeland og Stokken/Melkevik.