Fornyar 36 salsløyve for alkohol

37 saker kring alkoholsal og servering til behandling i Stord formannskap. (Ill.foto)

Sjølv om Vinmopolet AS er statsbutikk, seier eit strengt regelverk at lokale utsal skal har godkjent salsløyve stempla av kommunen dei har butikken. Såleis er «pole’» i Amfi-senteret på Leirvik mellom dei 37 søknadane som skal til behandling i formannskapet onsdag 18. september. Søknadane gjeld løyve for perioden frå 30. september 2024 – til same dato i 2028.

For 14 daglegvarebutikkar i Stord  blir det søkt om fornying av salsløyve for øl, for Vinmonopolet gjeld løyvet drykk med nokre fleire prosent alkohol…

Frå ute- og overnattingsstader ligg det føre 22 søknader om fornya skjenkeløyve for øl, vin og brennevin.

I tillegg søknad om nytt slikt løyve for Bowlit AS.