Fargerikt over Vikafle

«Tranen» hadde æra av å segla under regnbogebrua. (Foto: Steinar Hystad)

Det er sagt mange hundre gonger, og like sant er det kvar gong:  – At det er  sterkt imponerande kva motiv naturen sjølv byr på når det gjeld spontane kunstverk.  Som tysdag ettermidddag, då den sjufarga regnbogen nokre sekund strekte seg over Vikafle og tipsa om bruløysing mellom Døso og Teinevikjo.