– Skal friskast opp!

Overgangsfelt på kommunale vegar skal friskast opp i  haust. (Foto: Steinar Hystad)

For litt sidan kunngjorde Stord kommune nokre timar stenging av vegen til Isdal, men den gledelege  grunngjeving at der skulle asfalterast. Dermed vart eit sterkt ønskje om betre veg frå oppsitjarar og brukarar elles, innfridd.  Kanskje like kjekk melding om betra køyreunderlag  kunne koma andre stader i kommunen? Stordront sende spørsmålet til vegmyndet i Stord, Anne Randi Naurstad, og fekk dette svaret i retur:

– Asfalt-budsjettet for 2024 er snart brukt opp, så det vert ikkje meir asfaltering i år. I haust er planen å få utført oppfrisking av vegoppmerking på fotgjengarfelt, kant-liner og midtliner.