Avslutta med festkonsert

Fitjar har eit fyldig og velklingande skulekorps. (Foto: Steinar Hystad)

For tiande gong har Fitjar skulekorps starta haustsemesteret med helgesamling og øving, øving og øving på Huglo skule – no grendahus.

Og for tiande gong vart treningsleiren avslutta med konsert – med fri inngang og kaffi på «kjøpet». Det blei ein rein festkonsert i gym-salen, ei ny stadfesting på at det ikkje er tilfeldig at skulekorpset i Fitjar spelte seg til andreplass i NM tidlegare i sommar. Musikantane er alt godt i gang med oppkøyring til komande tevlingar, under leiing av Sven Koppang – som går inn i sitt 19. år som dirigent.

Med på leiren var ei foreldregruppe som ordna praktiske ting, og tidlegare «korpsingar» delte på undervisninga.  – Me kjem nok att neste haust også, me trivest godt her, lova Koppang.