– Ingen toalett å finna!

Ikkje toalett å finna i terminalområdet på Ventekaien. (Foto: Steinar Hystad)

«Veldig trist. Jeg ble nødt til å gå på kystbuss og kjøpe billett for å gå på toalettet. Dette er da virkelig dårlig synes jeg, å ikke tilby toalett for de som reiser med buss på en slik trafikkert terminal som Leirvik er»

Sitatet er henta frå ein e-post Anette har sendt Stord kommune. Her fortel ho at ho kom med Skyss-buss frå Haugesund til Leirvik tidleg ein morgon. I terminalområdet på  Ventekaien fann ho ingen mogleik for å gå på toalettet, og valte difor å venta på ein Kystbuss i håpet om at denne hadde toalett om bord.  Akuttproblemet løyste seg. Anette legg til at dette var såpass tidleg på dag at butikkar ikkje var opna og slik var det ingen hjelp å få der.

Med andre ord: Det offentlege toalettet i Leirvik bydel er framleis eit sakn.