– Kan det vera snakk om rekordhams?

Her kan ein telja 11 nøtter, og plussa på med to på «baksida». (Foto: Steinar Hystad)

Google er eit unikum å spørja til råds i dei fleste tilfelle, men me har så langt ikkje lukkast å trykkje på rette tast for å får fram rekorden i «Hatlenøtter på ein hams». Spørsmålet melde seg då det frå ein hatl på Huglo nyleg vart plukka hams med 13 – tretten – nøtter. Alle friske og fine, og lysebrune i på farge (som tilseier at dei er henteklare, i følgje google).

Sida vårt digitale leksikon ikkje kan hjelpa, må me ty til våre gilde lesarar. Er det noko der ute som har høyrt, sett eller lese om hams med fleire enn 13 hatlenøtter? Send i så fall nokre ord, gjerne med bilete, til  tips@stordront.no