Mellom dei lengste orda?

«Konkurransegjennomføringssystemet». Stord kommune skal inngå nye brøytekontraktar  for komande vinter og komande år, og det er i kunngjeringa av anbodskonkurransen  det dukkar fram eit orda som må vera eit funn for ein kvar quiz-kveld.  For kva vil quiz-folket svara når spørjaren spør om ordet som har: 33 bokstavar og har med konkurranse og system og gjennomføring å gjera? Sjeldan bokstavkost er det, i alle fall.  Lukke til.

Gode ordtak for helga:

  • Hardt ver står sjeldan lengje på (også bruka om ein som fyk opp i sinne)
  • Små gryte har også øyre
  • Da e best å smi medan jarnet er varmt
  • Fykande kråka får noko, sitjande inkje
  • Av skade vert ein vis, men ikkje rik

Så nokre ord på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan

  • Myksla = masse, ei mengd
  • Myrja på = arbeida, hardt og ihuga
  • Mæ-hæ = eit inkjevetta, ein som berre jattar med
  • Mødd = trøtt og lei
  • Måfå = til fånyttes, fåfengt