– Kven går med myntar i lomma no?

Myntar er sjeldan vare. (Foto: Steinar Hystad)

Før ein forlet parkeringsplassen ved  Stord sjukehus, må alle bilførarar bortom betalingsautomaten. Torsdag morgon og føremiddag førte dette gjeremålet til lett fortviling hjå mange som ønskte gjera opp for seg. Som vanen er blitt, kom dei med bankkortet i hand, medan automaten denne dagen berre tok imot mynt.

– Eg har‘kje hatt mynta i lommo på alder den ti’, var den gjengse kommentar frå dei som ville betala.  Ein del noterte seg at dei kunne senda oppgjer via www.parkpay.no innan 48 timar. Om ikkje så vart gjort, vil det koma rekning med Posten – inklusive eit gebyr.

Konklusjon: – Når det ikkje står på vilje eller evne ville det vel vore mest rettferdig med skiltet «For tida UTE AV DRIFT».