Duoen Erik & Øyvind spelar gratiskonsert ved Vindmølleparken i Fitjar, laurdag 7. september kl.12.00. Forbehold om oppholdsvær.
Duoen består av Erik Jørgensen: vokal, gitar, munnspill og Øyvind Spissøy: vokal og perkusjon. Musikken er pop, rock og viser frå 1970 og framover. Karane har lang fartstid i musikkmiljøet på Stord i band som Festus, Askepott og Bastard.
– Gled deg til kjempefin utsikt og trivelig musikk på Fitjarfjellet, skriv musikarane i meldinga til stordront.no.