Millionar av desse lovar godt

Yrande yngelliv utfor kaikanten lovar godt  for framtidige  fiskemåltid. (Foto: Steinar Hystad)

Sjølv med gode ønskje om «sjitt fis(k)je», er det ikkje så ofte me denne sommaren har høyrt  hobbyfiskarar seia seg  nøgd med fangsten.

Det kan sjølvsagt ha med lite tolmod og feil val av fiskeplass  å gjera. Eller for varmt eller kald sjøvatn, og andre tekniske forklaringar.  I alle fulla fall har fiskarar hatt grunn til å spørja: – Kor e da blitt åv  palo og torsken?

Det kan me diverre ikkje gje noko sikkert svar på. Men studiar av dei ultranære farvatn der båten ligg i trygg hamn,  fortel med millionar av  yngel (stiklingar) at dei vaksne fiskane som er tilstades har gjort ein grundig formeiringsjobb.  Alle solemerker seier oss at ein del  av desse små må kunna veksa  seg til høvande middags-storleik.