Enno lang ventetid på brei veg og utvida parkeringsplass

Fullt på parkeringa på Øvra Heio ganske tidlee søndag føremiddag 1. september 2024 (Foto: Privat)

Ei lita trøyst kan det vera, at saka om breiare veg til, og fleire parkeringsplassar på Heio, framleis er å finna i dei kommunale dokument. Der har saka etter kvart lang ansiennitet, og har ved eit par høve kome så langt fram i køen, at det det har vore like før første spadetak.  Så seint som sist sundag, 1. september, var det fullt på parkeringsplassen.  Eit stykkje langs vegen stod det også bilar.  Stordront har fått spømål om det i det heile skjer noko i denne saka.

I kommunedirektøren si offisielle arbeidsliste, står å lesa at arbeidet med reguleringsplanen for «Veg til Heio og utvida parkeringsplass» skulle starta hausten 2022. 

På spørsmålet om kor langt arbeidet er kome, opplyser dei kommunale tekniske tenester:

– Me er no ferdige med forstudie, der me har sett på ulike løysingar vedkomande veg og parkeringsplass. Det som no skal gjerast, er å skriva sak til politisk – om me skal gå i gang med reguleringsplan eller ikkje og kva løysing dei vil gå for»

Det tyder at det framleis blir ventetid for å få trafikal orden på tilførsla og utvida parkering  på Øvra Heio.