Kan bli den nye store konsertsalen

Når ti år er gått – kan kanskje noverande symjehall stå fram som konsertsal. (Foto: Steinar Hystad)

Å gi uttale til rapporten om nytt kommunalt badeanlegg eller rehabilitering av «det gamle» bassenget i Kulturhuset, står på saklista når Stord kommunestyre samlast i slutten av månaden.  Innspel frå Utval for oppvekst og kultur ligg ved saka, og dette politiske forumet meiner ein skal ta føreliggjande rapport til vitane – med tillegg av denne protokolltilførsla.

«Kommunestyret ønskjer å gå vidare med alternativ tre (Sikra drift av symjeanlegget i Stord Kulturhus i ~10 år fram i tid, til ny hall kan stå klar) med desse føresetnadane: – Symjehallen i Kulturhuset vil etter ~10år tilgjengeleggjerast for andre føremål, til dømes konsertsal, teater, bibliotek eller liknande i samråd med forstudien Sluttrapport:

«Mogeleg ombygging av Stord kulturhus» – kommunen set som mål å erstatta symjehallen ved å etablera eit nytt anlegg i området Vikahaugane/Vabakkjen/Leirvik som omtalt i saksutgreiinga. – Eit nytt anlegg skal ta høgde for samlokalisering av varmtvassbasseng og symjehall. Kommunestyret ber rådmannen komma attende til finansiering av tiltaket i Årsbudsjett 2025 og økonomiplan for 2025-2028»