Effektivt mot banan-fluene

Resultat etter første natt med «eggaglastesten». (Foto: Steinar Hystad)

Like sikkert som me rettar siktet mot tidleghaust, er det at dei bitte-pitte-små svarte bananfluene rettar siktet sitt mot fruktskåla på kjøkenbenken. Ikkje så lette å få auga på, men kom igjen når du skal knipsa ei drua av klasen eller smaka på plommene eller bananene.

På dårlege dagar er det mest som ei sky av småfluer lettar frå gøymestadene i fruktfatet.  Irriterande og på grensa til fortvilande – men det finst botavon.  Litt eddik blanda med litt vatn i eggaglaset er alt som skal til for å halda frukt og grønt fri for mini-insektene. Berre prøv.