Til formannskapsmøtet neste veke, har Gaute Epland meldt følgjande interpellasjon/spørsmål:
«For tida pågår det arbeid med oppgradering av VA-anlegget på Klingenberg/Klingenbergvegen. Like ved avløpspumpestasjonen som no skal skiftast ut, ligg Breivikjo. Dette er ei av dei flottaste strendene i Stord kommune, og betyr mykje for folk i Nordbygdo. Men i lengre tid har stranda vore forringa av at steinmuren i bakkant av stranda, er i ferd med å falla ut. Det gjer at stranda vert mindre tilgjengeleg og attraktiv enn den har og kunne ha vore. Underteikna er blitt kontakta av folk i nærområdet som spør om det er mogleg å gjera naudsynt utbetring av Breivikjo badestrand i samband med arbeidet som kommunen gjer i nærområdet. Eg har på denne bakgrunnen følgjande spørsmål til ordførar/kommunedirektør, som eg ynskjer svar på i formannskapsmøte 18.09.24:
– Kva skal til for at kommunen i samband med oppgraderinga av VA-anlegget på Klingenberg/Klingenbergvegen også kan gjera utbetring/oppgradering av steinmur i Breivikjo?
– Kva vil ekstrakostnaden med dette eventuelt vera?
– Kan eit slikt tiltak finansierast delvis eller heilt av Friluftsrådet vest?