Per Jan Ingebrigtsen (Ap), kommunestyrerepresentant og medlem i Utval for oppvekst og kultur fekk fullt gjennomslag for ønskjer han fremja via interpellasjon i møtet sist veke. Han spurde på om det var mogleg å får til eit opplegg der lag og organisasjonar frå det frivillige kulturlivet i Stord kunne koma på eit utvalsmøte og informera om drift og føremål.
Det blei ja-svar, som lyd slik:
«Stord kommune ser positivt på forslaget om å invitera lag og organisasjonar innan dei tradisjonelle kulturområda til ein presentasjonsrunde for Utval for oppvekst og kultur. Eining for kultur får i oppdrag å koordinera dette og finna gode og praktiske løysingar for gjennomføringa. Ynskje er å gjennomføre presentasjonen i utvalsmøte 10. desember.»