TILBAKEBLIKK: Stord Jeger og fiskerforening (seinare namneendring til Stordøy Jeger og Fiskarforening) hadde ei eiga ålegruppe i arbeid i 1983. Det var då konstaterte at det i Storavatnet var ei stamme av større ål, og at denne tok seg til havs for gyting når det leid på haustparten. I von om «ekstrainnkome» til klubben, vart det bygt ei ålefelle nedom brua i Smette – i elva som renn frå Bueset med utløp i vika der saga i Sagvågen stod. Det var også ei mølle ved elva.
Ålefella fungerte framifrå, står det å lesa i Sunnhordland i slutten av september 1983. 28 ålar låg i fella, då ho vart tømt for første gong.
Dette var i god tid før ålen var freda. I regionen vår sør i Hordaland, vart det drive aktiv teinefangst av «sleipingar» som i stor mon vart eksportert til Danmark, der røykt norsk ål var festmat.