Pilot-bosdunk i Jektavik

Med kompaktor innabords. Topp moderne bosdunk installert i Jektavik. (Foto: Steinar Hystad)

Bosdunkane på ferjekaien i Jektavik har stundevis vore så fulle at søpla har «ronne øve». Utriveleg tilhøve er blitt klaga på og støeiar Vestland fylkeskommune har no teke affære. Torsdag føremiddag vart ei nyvinning inn effektive bosdunkar montert og sett i drift ved vente- og toalettbygget.  I dunken er det installert ein  kompaktor som hiv seg i arbeidet og pressar  boset saman – når det fyllest til eit viss punkt.  Straumen som trengt til arbeidet, kjem frå med solcellepanelet på toppen.

– Men også i Jektavik regnar det mykje, blir det solstraum då?

– Dette er den andre  dunken i sitt slag i regionen, den første har stått ei stund i Sveio og sjølve med mykje  skya ver og regn blir til straum nok til jobben som skal gjerast, fekk Stordront  stadfest hjå mannskapet frå Mesta som rydda fint rundt nyetableringa.