Fleire står utanfor arbeidslivet

I august står 1,1 prosent av arbeidsstyrken heilt ledige i Sunnhordland. Det er ein nedgang på 50 personar i høve førre månad og eksakt same tal personar som same månad året før. 

– Arbeidsløysa har vore under to prosent i 30 månadar – sidan januar 2022. Det er følgeleg ei særleg stabilt låg arbeidsløyse me ser i Sunnhordland. Samstundes ser me at utanforskapen aukar, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland. 

I august var det 281 ledige stillingar i regionen. Flest stillingar er det er i Helse-, pleie- og omsorg (81) og Ingeniør- og IKT-fag (37), samt Butikk- og salsarbeid (36). 

Utanforskapen i Sunnhordland 
NAV har dei siste åra produsert ein analyse av utanforskapen frå arbeidslivet. Dette er eit augeblikksbilete av innbyggarane sin situasjon ved utgangen av året. Frå 2021 til -22 registrerte NAV ein nedgang.   
 
Tala for desember 2023 syner ein oppgang. 1 av 5 personar i Sunnhordland, eller 20,1 prosent, står utanfor arbeidslivet – anten med eller utan ei yting frå NAV. Tala speglar det nasjonale snittet, medan Vestland er fylket med lågast andel. 

– Den store drivaren i oppgangen lokalt er busetting av flyktningar. Oppgangen tek me på største alvor, og me lyt jobbe godt på tvers av sektorar for å sikre at alle som vil og kan får ein moglegheit i arbeidslivet, seier Håvard Lægreid. 

Av alle i aldersgruppa 20-66 som står utanfor arbeidslivet, mottek omlag to tredjedelar ei yting frå NAV, medan den siste tredjedelen står utan yting og utanfor arbeidslivet.  

18,6 % av dei unge (20-29 år) står utanfor arbeidslivet. Halvparten av dei unge i utanforskap mottek ei yting frå NAV, medan den andre halvparten ikkje mottek noko.  

– Dette utgjer ein liten nedgang i andelen unge i utanforskap frå arbeidslivet – mot 18.9 i fjor. Fleire av dei unge som står utanfor mottek i år ei yting frå NAV, og me vonar dette betyr dei står betre posisjonert i høve å kome seg i arbeid, seier Lægreid. 


Lågast arbeidsløyse i Fitjar 
I Sunnhordland var det i august lågast arbeidsløyse i Fitjar kommune (0,7 %) og Stord kommune (0,9) %. Snittet for heile Sunnhordland er på 1,1 prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland (1,8 %) og landet (2,0%).