I anledning Kulturminnedagane, som er Noreg sin største historie- og kulturarvsfestival med fleire hundre arrangement rundt om i landet, ønsker me velkommen til Spikkefest og MIN kulturminnedag, der me spesielt ønsker velkommen til barn, unge og vaksne med minoritetsbakgrunn. Arrangementet er gratis og ope for alle.
Me feirar Kulturminnedagane som i år har temaet «Spor, nettverk og forbindelser» med ein stor fest på tunet. Museet samarbeider med Ung husflid, Stord Husflidslag og HVL/ Kunst og handverk om dette arrangementet. Saman ønskjer me å vekke spikkegleda til små og store.
Utstillingar, demonstrasjonar, museumslappar og spikkeverkstad er noko av det som vil stå på programmet. Under denne festen ønsker me at ulike kulturar skal møtast til dialog rundt bålet – gjennom spor i rått tremateriale.
Under arrangementet ønsker me å setje fokus på SPOR i tre, der me mellom anna viser fram gamle bruksgjenstandar og treskjeringskunst frå norsk kulturarv. Gjenstandar, dekor og mønster, som ein kan finne spor av i alle verdas kulturar. Samarbeidet om spikkinga vil gje SPOR frå både DEG og MEG. Aktivitetane legg vekt på det relasjonelle gjennom dialog; kven er DU og kven er EG? Gjennom samtalar og dialog kan museet og dei frivillige saman med deltakarane utveksla forteljingar og få innsyn i kvarandre sine kulturar. Noko som kan skape både nettverk og forbindelsar mellom ulike grupper representert i lokalmiljøet. Innhaldet i spikkeverkstadane vil ta for seg kunnskap om ulike treslag, kulturhistorie knytt til bruken av ulike treslag, bruk av kniv i både rått og tørt trevirke, demonstrasjon og utprøving av spikketeknikkar og dekor/ mønster i overflata.
Arrangement: Spikkefest 2024 og MIN kulturminnedag – SPOR etter DEG og MEG!
Tid: Laurdag 7. september, kl. 12:00 – 16:00
Stad: Sunnhordlandstunet, Sunnhordland museum
Kontaktperson museet: Charlotte Tvedte, undervisningsleiar, 991 65 395