– No blei sikten monaleg betre

No ser me bilane på andre sida av  den grøne hekk. (Foto: Steinar Hystad)

Hekkfrisør har vore i arbeid på tuiaen (?) som har fått veksa seg stor midt i rundkøyringa i krysset Borggata/Torgbakken. Og dermed har sjåførane av bilane som skal rundt trafikkøya fått sikt som gjer at ein ser bilar bak det grøne. Det gjorde ein ikkje for litt sidan og fagperson med kvass klyppar vart etterlyst, mellom anna her på Stordront. Resultatet vart framifrå og tiltaket kvalifiserer sjølvsagt til innføring i plussprotokollen for Leirvik.