Trasigt å nemna det, men dette er tredje gongen Stordront.no etterlyset reparasjon av dette kommunale veglyset i Borggata. Den flotte lyspålen låg omtrent vassrett etter å har blitt «lagt i bakken» i løpet av julehelga i fjor. Like etter vart hending omtalt på denne nettstaden, inkludert uttale frå kommunen om at ny påle skulle koma på plass når ein var sikker på at telen var ute av jorda. Seinare vart pålen kappa og den bøygde nedre delen står att.
Til 17. mai vart det etterlyst framdrift i saka, men lite har skjedd og difor vågar Stordront.no seg igjen frampå med etterlysing av tiltak. Dette med bakgrunn i at det stundar til tida på året der me treng alle lysande gatelys.