Større rehabilitering ventar

Misfarge etter lekkasje både i vegg og frå takrenne på kyrkjebygget. (Foto: Steinar Hystad)

«Når det regnar på Stord kyrkje, dryp det frå lekkasje i takrenna». Denne lette omskrivinga av ordtaket «Når det regnar på presten….»,  gjev eit faktumrett bilete av tekniske utvendes tilstand for kyrkjebygget anno 1857. Stiller ein seg ved inngangsdøra i regnver, som me har hatt til dels  mykje av siste tida, vil ein både høyra og sjå at det renn vatn i strie straumar frå lekkasje i takrenna og i friluft mot bakken.

– Nye takrenner er gjeremål med prioritet i  utvendes planlagt rehabilitering.  Det same gjeld for veggene som lek og som gjer at vatn trengjer inn og fører til misfarging, opplyser kyrkjeverje Liv Kari Bru.  

Det er snakk om arbeid for millionar på kyrkjebygget framover.