Alt fungerte som det skulle

Vellukka øving – med godt synlege «passasjerar» i redningsflåten. (Foto: Steinar Hystad)

Med jamne mellomrom gjennomfører mannskapet på Fjord1 sine ferjer saman med leverandørar av redningsutstyr, felles øvingar.

Tysdag føremiddag låg M/S Solskjel ved nattrutekaien der det var testing av redningsflåte. Flåten har kapasitet for 150 personar, men det var ein del færre som steig frå ferja til flåten ved dette høvet.  Dei viste godt att  «i lendet» i sine  knalloransje redningsdraktar.

Regionsleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen, opplyser til stordront.no at selskapet har 14 ferjer som trafikkerer 11 samband i Hordaland.  «Solskjel», bygt i 1981 med kapasitet på 37 bilar, er reserveferje for tre samband sør i fylket.