Ungdomsrådet om nytt basseng  og «Alle me(d)»

Bassenget i kulturhuset kan vera moge for utskifting. (Foto: Steinar Hystad)

Stord Ungdomsråd (UNG) hadde viktige saker på dagsorden i augustmøtet førre veke:  

Ved førstegongshandsaming av Kommunedelplan for oppvekst, «Alle me(d) – heile vegen», vart dette innspelet  samrøystes vedteke: « UNG meiner at det er ein veldig god plan. UNG er einig i eldrerådet og råd for menneskjer med nedsett funksjonsevne sitt punkt om at fritid er viktig, og at fritidsklubbar må kome inn som eit fast tiltak. Det er ikkje alle barn og unge som trivst i organiserte fritidsaktivitetar, og det å ha eit tilbod til alle er viktig.»

Til saka om  rehabilitering av symjeanlegg i Stord kulturhus og alternativt nytt anlegg, sende ungdomsrådet denne uttalen: «UNG meiner, sett vekk i frå økonomi og budsjett, at alternativ 2 (nytt badeanlegg)er det beste alternativet. Sjølv om det er snakk om mykje pengar, så er det ei investering for framtida. Stord skal vera eit regionssenter, og det å ha eit skikkeleg basseng er viktig for lokalsamfunnet. Ved å ha eit skikkeleg badeanlegg vil Stord ha moglegheita for å arrangere symjestemne.»