– Og i mai -25 blir det konfirmasjon

Kyrkjelyden helsa fem slik grupper av neste åre konfirmantar med klappsalver i Stord kyrkje søndag. (Foto: Steinar Hystad)

Det vart fullsett i Stord kyrkje til gudstenesta søndag, der både preike og seremoni elles, var lagt opp kring neste års konfirmasjon. Då blir det  høgtidsstunder for 118 ungdomar i Stord sokn og 36 i Nysæter sokn.  Nokre færre enn i år, som har si forklaring i mindre årskull.

Denne søndagen fekk kyrkjelydane møta konfirmantane frå Stord og Nordbygdo ungdomsskular, veka før var det presentasjon på Nysæter. Fram til mai blir det samling og undervisning ein gong i månaden for  tenåringane, som alle  fekk ein liten  trekros (frå oliventre i Hellas) i gåve frå kyrkja  i høve dagen.  

– Ei fin påminning om Han som styrer over oss, sa  ungdomsprest Runar Larsen, som leia gudstenesta saman med  kyrkjelydspedagogar  Solveig H. Angeltveit, Elisabeth H. Oma  og organist Simon Madsen.  Etter postludiet, ein rocka og godt motteken pianoversjon av «Amazing Greace»,  var det informasjonsmøte for  konfirmantar og foreldre.