– Heller informera enn  avlysa utvalsmøte

(Illustrasjonsfoto: Stord kommune)

Kommunestyremedlem  frå SV, Tore Blokhus, reagerer på at augustmøtet i Utval for rehabilitering, helse og omsorg (RHO) vart avlyst med «få saker» som grunngjeving.  I ein interpellasjon til neste møte i utvalet, skriv han:

«Møtet i RHO 28/8 vart avlyst grunna få saker. Dette vil sjølvsagt førekomme med ulik grad av hyppighet. Førre periode var eg og i RHO utvalet, og det var då og fleire avlyste møte. Ynskjer med denne interpellasjonen å invitere til eit ordskifte om kva utvalsmedlemmene tenkjer kring dette. Som kjent er kommunen i ein vedvarande krevjande situasjon økonomisk, og dei prioriteringar me politikarar gjer har store konsekvensar for innbyggarane. Dersom det er få saker som treng behandling, så kan det vere ein mogleik for folkevalde å gjere seg meir kjent med tenestene i RHO, kva dei betyr for innbyggarane og kva konsekvensar eller effektar ei svekking/styrking av tilbod kan gje. God kjennskap vil vere ei styrke for politisk handsaming, og vil gje betre grunnlag for god politisk debatt»