I heftig øs-pøs-ver med regn meir vassrett enn loddrett gjennom helga, kunne dei som tok seg ein tur i sentrale strok av byen Stord i det minste gleda seg over vakre fargekombinasjonar i dei kommunale beda. Gilde og milde haustfargar, i våre augo.
Den «grøne etat» skal vita at me set pris på blomepynten i dei store bed og ståande og hengande urner. Og enno er det mange dagar att av hausten.