Inntaket på den nye leidningen

Avansert sil, til bruk i Vaulane. (Foto: Steinar Hystad)

Skulle du, på same vis som Stordront.no sin utegåande, falla i undring om kva for innretning i svart tjukk plast som ligg lagra på parkeringsplassen ved Lundsseter kraftstasjon, då er Arnstein Hetleseter i dei kommunale tekniske tenester rette mann å svara:

– Dette er ei avansert sil som skal monterast i inntaket på  nye vassleidningen frå Vaulane ned mot kraftstasjonen. Dette for å hindra at «rusk og rask» følgjer vatnet inn i røyra.