Bli med på «Rusletur» til Melkevik og Stokken

Her i området skal rusleturen gå. (Foto: Privat)

Denne gongen inviterer Sogelaget til rusletur i Sagvågsområdet, nærare bestemt i retning flyplassen og gardane Dybvik, Melkevik og Stokken. Deit ligg på rekke og rad langs Stokkavegen.

Oppmøtet vert i løa i Melkevik innan klokka 17:30. Avkjørsle via Flyplassvegen ned mot Melkevik. (Det står ei bøtte over gjerdepålen der du skal svinge ned til venstre). Parkering i tunet og ved løa blir tilvist.

Etter velkomst og litt orientering ruslar me eit lite stykke langs Flyplassvegen for å vise staden der ein fann restar etter ein steinalder-buplass ved arkeologisk utgraving før bygging av vegen tidleg på 80-talet.

Me går så tilbake til tunet i Melkevikjo. Frå nordre del av tunet er det utsikt til småbruket som familien Jæger hadde i fleire generasjonar. Fordi det var stor politisk usemje mellom Hans Jæger og Karl Melkevik, var det mange friske diskusjonar mellom desse grannane.

Anne Britt Melkevik Dahle vil også fortelje litt om både stader, folka og husa i Melkevik.

Etter dette går turen mot Stokken der det er to bruk. Me gjer eit stopp ytterst der Olaug Stokken bur, med sønene Åge, Job William og Ole Kristian som naboar.  Det andre bruket i Stokken vart kjøpt av Kari og Magnus Jakobsen Tøkje.  Sonen, Kjell Atle, har bruket i dag, med alle sine tre søsken som naboar.

Gjest Bårdsen skal forresten ein gong i tida vore på rømmen frå fengsel i Bergen, og skal ha gøymt ein skatt mot Stokksundet.  Ingen som har funne den enno. Mon det kan vera sant?

Etter stopp i Stokken går me litt tilbake og eit stykke utover beredskapsvegen mot flyplassen. Her ligg minnesmerket som Jørund Fjøsne laga etter den første flyulykka i 1998. Staden er no lite besøkt.  Denne fine skulpturen er det mange som aldri har sett.

Det har vore nokre få husmannsplassar langs Stokkavegen. «Jernbøen» under Melkevik er den eine av desse. Her stoppar me hos Birgit Hestad. Ho har hus omtrent på «Stove-haugen», der me enno kan sjå løetufta til plasset. Husmannsfolket hadde eit strevsamt liv, og me vil fortelje litt om dette. Sjølve huset vart flytta til ein annen husmannsplass, Kleivo, under Dybvik. Me skal også oppom i tunet til dagens eigar av Kleivo, Birgit Haaland Olsen.

Då har me vore innom Melkevik, Stokken, og så vidt litt av Dybvik, og returnerer til løa. På vegen ned Melkevikbrekka passerer me ein relativt ny nabo i Stokkavegen, Dag Jørund Lønning.  Han har på nokre få år lagt ned stor innsats i opparbeiding av hage. Det blømer som berre det. Han og kona, Anne Mette, brenn også for hagen som sjølvforsynings-arena. Dag Jørund vil fortelje litt om dette, før me returnerer til løa i Melkevik for oppsummering og lett servering.   

VELKOMNE!