– Årstida med flest meldingar?

Ta for eksempel plommene som nett i desse dagar er så gode at ein kan risikera å «vassrenna» i munnvikane av reine glede når første bitet skal takast.  Så kjem eplene.  Så kan me lesa at både kål og lammakjøt er klar til første haustfestmiddagen. Sauene i Stordfjellet, 2500 på tal, fekk ein pangstart på beitesommaren  alt i mai, men veit å senda signal om at det høvane tid til heimferd når fjellgraset går frå grøn til gul  farge. Og her følgjer bjørka etter, ho er byrja slakna i leten.  Regnbygene kjem så tett, at det mest ikkje er opplett mellom dei lenger. Og makrellen er på bitet.  Det er beint freistande å påstå at hausten er årstida som sender frå seg flest meldingar.

Ha ei signa helg.

Nokre  fyndord med på ferda:

  • Alt godt er anten forbode, umoralsk eller feitande
  • Alt har ein ende, men pølsa har to – pannekaka har ingen, men er likevel go
  • Alle blir gamle, men ingen vil vera gamal
  • Alle vil over, der gjerde  er lågast
  • Alle vil styra – i godt ver

Så nokre ord som var på tur ut av stordamålet alt for 50 år sidan:

  • Morka = smia skav til for (skava)
  • Mosa seg = kosa seg, liggja frampå om morgonen
  • Mosen = heit og raud i andletet
  • Moveisa seg =røra seg, ut og gå
  • Mulken = sur og vrang