– Noko lengre enn Lyraskjersundet

Passerte Hystadøyane på veg til oppankringsplassen i Barentshavet. (Foto: Steinar Hystad)

Med to kraftige slepebåtar i front og to like kraftige som styrte slepet akter, starta transporten av  gigantiske «Johan Castberg» frå Klosterfjorden onsdag ettermiddag. Med dei strategiske måla 313 meter lang, 55 meter brei og 120 meter høg, «fylte» produksjonsskipet Lyraskjersundet – og vel så det ved passering Hystadøyane. 

«Johans Castberg» vart lagt til nyekaien på Kjøtteinen våren 2022 og vart ferdig utrusta slept til  testfeltet ved Borgundøy i slutten av mai i år.

Produksjon av olje frå feltet i Barentshavet skal ta til i fjerde kvartal i år – og er planlagt i vara i 30 år framover.