Når fjellbeita gulnar – trekkjer sauene  heim

Denne flokken var på veg til bygds, men vart stoppa i skogen ved Sjoalemyro og leia til innhenging  vidare transport heimover på hengar. (Foto: Steinar Hystad)

– Jo, sauene gir grei beskjed om dei ikkje er fullnøgde med maten dei får servert. Når det gulnar i fjellgraset, slik det har gjort siste vekene,  byrjar dyra trekkja  heimover der bøgraset framleis er grønt. Beitesesongen 2024 i Stordfjellet kan kort summertast med tidleg vår – og tidleg haust, seier Tore Atle Sørheim, mangeårige leiar i Stord sau og geit.

Han reknar med at to tredeler av dei rundt 2500 søyer og lam som vart leia til fjells i mai, no er komne ned att. Og mange er  sende vidare til forvandling hjå Fatland i Ølen og ligg alt som ferskt fårikålkjøt  til sals i butikkane.