Heftig jakt på framand ubåt

KNM Stavanger var med i ubåtjakta. (Foto: Tor Resser)

TILBAKEBLIKK: Forsvarsleiinga i landet tok meldinga om  at ein framand u-båt kunne vore observert  på Husnesfjorden  onsdag 27. april 1983 på høgste alvor. Det var to mann i arbeid for bømlofirmaet  Amundsen Diving, som melde frå om observasjonen. Forsvaret sette straks i gang større søk i Sunnhordlandsbassenget, og i løpet av helga som stunda til vart det sendt ternebomber mot  moglege objekt både ved Hidle, i Skånevikfjorden og Selbjørnsfjorden. Ingen såg noko meir til  ubåten, men hendinga vekte åtgaum nasjonalt og litt internasjonalt.  Store aviser og tv-stasjonar sende  medarbeidarar til Stord,  som vart sentrum for  ubåtjakta. Ei lokalprodusert T-skjorte med ubåtmotiv vart eit populært minne etter opplevinga.

ABC-news var mellom  større TV-selskap som dekka ubåtjakta. (Foto: Tor Resser)

Redaksjonen i Sunnhordland  hjelpte desse dagane journalistar og fotografar frå rikspressa med skrivebord og mørkerom, og nokre gode innspel i tillegg. Som då ein skrivande frå ei  Oslo-avis sukka djup og lurte på kva nytt kan kunne skriv i saka denne dagen? – Det kan jo henda det er både to og tre ubåtar i fjordane i Sunnhordland, og det bør vel kunne nemnast, fekk han tips om. Det vart det godt oppslag av i neste dags utgåve…

Ordførar Werner Hagerup og Lensmann Finn Havnerås blei mellom andre intervjua av Stavanger Aftenblad. (Foto: Tor Resser)