Blir spennande å sjå…

Den vesle skogen stenger for «oppsyn» til det storslagne skulebygget. (Foto: Steinar Hystad)

Det byrja nærma seg for nye Stord Vidaregåande på Vabakkjen, og det er ikkje ringaste tvil om at det blir eit flott bygg og anlegg rundt. Det som blir ekstra spennande for både gåande og rullande trafikk i området, er om den ruvande treklynga mellom fylkesvegen og skulen blir ståande i full høgde også i framtida. Åtvaringar om mogleg trefall, var det ein del av då sjølve skuletomta vart rydda og  klynga med  bjørk og furu vart ståande att klin i vegen. Den vesle skogen har stritta imot tøffe vindkast.  Men står kanskje for fall, no når skulehagen skal fjelgast til?