I utgangspunktet legg Stord-Fitjar Turlag sitt tilbod om «Aktiv til 100» opp til sosial utflukt i passande tempo annankvar veke. Men i Stord kommune er dei gåglade så heldig at dei kan ta koppen og skjeva med i tursekken kvar veke – og sogar to gonger i partalsvekene.
Starten på haustsesongen 2024 gjekk alt måndag 19. august (partalsveke), frå Vaskeriplanet på Litlabø til gapahuken ved Hustrudalsvatnet.
Alt komande torsdag ønskjer turlaget vel møtt ved inngangen til Skjephaugen ( ved Heiane) for felles gange til Friluftsambassaden/gapahuken i Skjephaugen. Torsdag i oddetalsveker møter turentusiastane i seniorklassen til start ved Møllebrua og går tur/retur gapahuken i Stuvikjo. Første runde er annonsert 29. august. 10.30 er felles start-tidspunkt.