Måndag denne veka var siste frist for å koma med merknad til nye planstrategi for Stord kommune. Huglo Bygdelag er mellom instansar som har funne det nødvendig å reagera, i og med at i nytt dokumentet kan tolkast slik at vedteken delplanen for fastlandssambandet til Tysnes skal skal ut av kommuneplanen.
Bygdelaget skriv:
«Når no Stord kommune skal laga ny kommuneplan for arealdelen, vil dei leggja tidlegare vedtekne kommunedelplan for fastsambandet for Huglo inn i denne – dette for å halda seg til ein kommuneplan for arealdelen i kommunen. Er derimot meininga å sletta Kommuneplanen for fastsambandet til Huglo, utan at den vert teken inn (kopiert inn) i ny kommuneplan for arealdelen, så vil Huglo bygdelag protestera på det sterkaste»